Gjendeguiden

Gjendeguiden – Vågå

Gjendeguiden – Vågå

GJENDEGUIDEN er eit aktivitetsselskap i Vågå. Vi ønskjer å få fleire til fjells i Vågå og ellers i fjellregionen i Nord-Gudbrandsdalen. Vi legg til rette for kurs og føringsturar, både til fots, på ski, på  sykkel og i kajakk. Med lang erfaring med vegleiing av grupper i høgfjellet både sommar og vinter, kjenner vi godt til korleis turar og kurs bør planleggast og organiserast for at det skal bli vellykka og trygt. Med GJENDEGUIDEN er turopplevinga viktigast, og det er triveleg å sjå korleis turar i skog, fjell  og på vatn blir meir og meir populært blant både bygdafolk, hytteeigarar og turistar. For oss er kortare turar i nærmiljøet like viktig som større prosjekt i høgfjellet. Gjennom sommaren har GJENDEGUIDEN i tillegg ansvaret for å planlegge og gjennomføre BESSEGGENPATRULJA på vegne av det lokale reiselivet, og andre støttespelarar. På vår nye heimeside GJENDEGUIDEN.NO kan du lese meir om både GJENDEGUIDEN, BESSEGGENPATRULJA og kva du kan vere med oss på!

Det finnes ingen fasit på valg av fjellsko. Foten må få avgjere kva som passar deg, så lenge du veit kva for bruk skoa vil få. Mange kjøper stivare sko enn dei har bruk for, medan andre kanskje velger for mjuke fjellsko. Dei siste åra har fjellsko med stiv såle og høgt skaft tapt terreng mot lågare allroundsko( All Mountain). For mange vil sistnevnte vere tilstrekkeleg, ikkje minst er det suverene fritidssko, men til høgfjellsturar over fleire dagar, og med mykje vekt på ryggen, bør du vurdere ei meir  tradisjonell fjellsko med vridningsstiv såle. Mange skoprodusentar har kraftige sko som veg mindre enn du trur.

GJENDEGUIDEN samarbeidar med VANDRESKOEN og MERRELL på skotøy. Med Jotunheimen som arbeidsplass har GJENDEGUIDEN sine fjellsko eit krevande miljø. Sjøl om vi kanskje har mindre nedbør enn andre fjellområde, så gjer is og snø sitt for å utfordre eigenskapane til fjellskoa våre. Når vi går BESSEGGENPATRULJE har vi med oss mykje ekstra i sekken. Likevel prioriterar vi litt lågare og lette sko som har middels demping og god VIBRAM-såle. Da får du god kontaktflate mot stein, svaberg og grus, men litt mindre støtte til ankel.  Med lågare sko bør ein vere forsiktig mtp overtrakk, spesielt dersom ein ikkje har gått mykje i fjellterreng. MERRELL-skoene har bred lest som passar typisk norske føtter. Vi prøver å byte mellom ulike skomodeller frå MERRELL, ettersom vi går Besseggen opptil 7 dager i veka i høgsesong. Å veksle mellom to-tre par fjellsko er bra for foten, dersom du bruker mykje tid i høgfjellet.

Alle vanntette sko er kanskje vanntette ei stund, men vår erfaring er at sakte og sikkert så går både membran og sømmer litt i oppløysing. Mange sømmer er typisk for lette fjellsko. Ved normal bruk og riktig stell kan fjellsko vare i mange år. Ettersom løping i fjellet har vorte meire vanleg også her til lands, ser vi mange spesialmodellar til denne aktiviteten blant folk. Dette er som regel svært lette joggesko med grovmønstra såle. Nokre med mykje, andre med lite demping. Desse skoa er sjølsagt svært komfortable, og har ofte spesialsåle tilpassa både tørt og vått underlag, grus og stein. På den andre sida gjev dei naturlegvis lite støtte til ankelen, og dessutan vil den mjukare gummiblandinga i sålen slites ut raskare på hardt fjellunderlag enn ei fjellsko. Det kan vere fint å kombinere lette og låge fjellsko med lette gamasjer. I tillegg vil dei fleste gjere lurt i å bruke såler som passar din fot i nye sko. Sjøl i dyre sko kan det vere simple såler, kanskje nettopp fordi erfaringa er at dei fleste tar ut denne sålen og legg inn eiga. Går du mykje på tur, så hugs at litt feil fotstilling med feil sko og såler kan gje smerter og problem andre stadar i kroppen, t.d kne, hofter og rygg!

GOD TUR!

SITAT: «Det er skoene som bestemmer korleis fjellturen din blir!»

Gå til Fjellsko

Legg igjen en kommentar